Steg 1 i Regjeringa si gjenopning av samfunnet gjeld frå i morgon, fredag 16. april. Alt i dag med vakkert ver og stigande varme merkar vi at kultur- og idrettsaktivitetane tek seg opp. Uskedal Musikklag hadde si fyrste øving etter nedstenginga på Stemneplassen i ettermiddag, ikkje inne enno, men ute på betongplata. To fotballlag hadde sine treningar på kunstgrasbanen. Det var mellom anna Jenter 11 Rosendal/Uskedalen.

Musikkvetaranane måtte halde minst 2 meters avstand då dei møttest til øving att. No livnar det i lundar var eit særs passande første nummer.

Av nasjonale tiltak i steg 1 nemner vi:
Inntil fem gjester i privat heim
Tilbake til ein meterregelen for avstand mellom personane. Idag hadde musikklaget tometerstokken med på øvinga, men til neste øving kan dei redusera litt på avstanden.
Inntil 100 personar på arrangement innadørs der alle sit på tilviste plassar, men meterregelen gjeld uansett
Inntil 200 personar på utandørs på tilsviste plassar. Meterregelen gjeld.
Alt dette er slik restriksjonane var fram til påske. Lokale reglar gjeld i mange høve. Utdanningsdirektoratet har eigne føringar for skule og barnehage. Trafikklysmodellen gjeld framleis slik det er formulert i skriv frå departementet. Uskedal skule har mellom anna ikkje hatt kroppsøving inne i hallen på lenge. Undervisninga skal framleis skje i mindre grupper.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland / Kristian Bringedal