Med framlegg frå Ordføraren vart det fleirtal i F. skapet om å ta Eidsvik Eigedom sitt område ut av planen. Det vert med andre ord opna opp for privat reguleringsplan på dette arealet. 3 røysta for FrP/H sitt framlegg om å senda planen tilbake til administrasjonen for bearbeiding. KrF røysta i utgangspunktet for innstillinga frå Kommunedirektøren og vedtak i Plan, teknikk- og miljøutvalet.

Adminstrasjonen ved sektorleiar Anbjørn Høivik og planleggjar Kjartan Thoresen synte til ferdig utarbeidd plan. No er det viktig å koma vidare i arbeidet, både for å utvikla område og for å frigje plankapasitet til andre viktige oppgåver. Planarbeid er krevjande. Det føreligg mange omsyn og mange aktørar. Planen balanserer ulike interesserer og er klar for godkjenning.

Sektorleiar Sigbjørn Øye orienterte om infrastruktuen med vegar og avkøyrsle til Fylkesveg 500. Arbeidet med utbetring av Børnes kai går etter oppsett plan.

FrP/H sitt framlegg om å senda planen tilbake fekk 3 røyster. Med dette vart det fleirtal for Ordførar sitt framlegg om å ta Eidsvik Eigedom sitt område ut av planen og opna opp for ein privat reguleringsplan.

Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyremøte torsdag 25. mars.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal