
Forlik i jorskiftesak om naustgrenser i Beinavikjo. Grensene blir som dei er i dag.
Ei jordskiftesak om naustgrenser i Beinavikjo er avslutta. Partane vart samde om forlik og grensene vert som dei er i dag. Ein av partane påpeika uklare greser med bakgrunn i tidlegare oppmålingar og at tomta dermed hadde eit redusert areale. Naustet og tomta høyrer til bruk på Dønhaug og på Myklebust. Saka er ført i jordskifteretten med forhandlingar og synfaringar. Før endeleg dom vart sagt, kom eigarane fram til forlik. Grensene vert difor som dei er i dag. Bilete syner det gamle Dønhaugnaustet, den eine parten. Eigar til tomta mellom Dønhaugnaustet og det nye naustet ( t.v ) er den andre parten i saka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal