Førjulskos i grillhytta.

Ved Uskedalen skule markerte i dag elevrådet starten på førjulstida. Tradisjonen tru hadde dei fyrt i grua i grillhytta. Her serverte dei kakao og pepperkaker til alle born og vaksne.

Vi har ein del ulike aktivitetar og arrangement i tida fram mot jul, og nokre av dei tenkjer vi kan vera opne for fleire enn vi som høyrer til ved skulen. Fredag 12. desember skal vi ha skulegudsteneste kl. 08.30, og her er det plass til fleire enn oss. Juleverkstaden vår går av stabelen 9.-11.desember. Om nokon ønskjer og/eller vil vera med å hjelpa til med handarbeid, sløyd, baking el så er det berre å ta kontakt.

Onsdag 17. desember har vi julefesten vår, for elevar og føresette på kveldstid. Dagen etter, torsdag 18. desember kl. 10.00, vil vi ha ei ekstraframsyning av programmet frå festen. Dette arrangementet er ope for alle, og vi håpar mange tek turen.

Ønskjer med det alle ei god førjulstid.

Tekst/foto/nett: Odd Steinar Arnesen