Dei tre foreldreutvala ( FAU ) i Uskedalen har skrive under fråsegna om å styrka symjeopplæringa i kommunen. Det gjeld FAU ved Uskedal barnehage, Uskedal skule og Dønhaug Gardsbarnehage. Det er framlegg om nedskjering av drifta ved symjebassenga i Kvinnherad kommune noko som vil føra til redusert opplæring og tryggleik.

Konkret vil til dømes bassenget i Rosendal vera ope i perioden 18. september til 1. april og den tida klassane får i symjehallen, vert redusert. 2. klasse vert med dette tildelt fem gonger i bassenget, 4. klasse får 20 gonger i bassenget. Med denne nedskjeringa ser foreldreutvala det slik at det er vanskeleg å nå kompetansemåla..

Foreldreutvala bed kommunedirektøren sjå på saka på nytt og finna budsjettmessig dekking for halda oppe symjeopplæringa på dagens nivå.

Foreldreutvala i Uskedalen er:

  • FAU Uskedal skule v/ Isabell Stensletten
  • FAU Uskedal barnehage v/ Oddmund Lunestad
  • Fau Dønhaug Gardsbarnehage v/ Kjell Harald Tungesvik

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Morten Nygård - Grenda