Arbeidet med den tredje boka med nyare lokalhistorie frå Uskedalen i serien «Den nære fortida» er no komme så langt at det er tid for å starta førehandsalg av boka. Skriftstyret er svært fornøgde med innhaldet i boka, og den blir også nokre sider tjukkare enn dei to føregåande bøkene. Opplaget (600) og prisen blir den same. Frå 20.august blir boka seld til redusert pris. Då kostar den 250 kr, medan prisen seinare blir 300 kr. I tillegg kan betalande medlemmer i Uskedal Historielag kjøpa ei bok til medlemspris, 150 kr. Bilete syner skriftstyret. F.v: Astrid Haugland, Svein Rimestad, Thor Inge Døssland og Harald Sætre. Torkel Stensletten er også skriftstyremedlem, men var ikkje med då bilete vart teke.

Det er sjølvsagt mogeleg å kjøpa Bok 1 (svært begrensa tal igjen) og Bok 2 i same slengen. Prisen for desse er 300 kr. Dersom det skal sendast må det betalast 90 kr i tillegg uavhengig av kor mange bøker som skal sendast. Dei som ønskjer det, kan også betala medlemskontingent for 2024. (200 kr)

Ver merksam på at du framleis kan kjøpa bok 1 og 2.


Boka/bøkene kan kjøpast på følgjande måtar:

  1. Betala rett beløp med vipps til 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026 og skriva som melding kva betalinga gjeld. (Bok 3, 2x av bok 2, bok 3
    medlemspris…….medlemskontingent 24). For bøker som skal sendast er det viktig å skriva fullstendig adresse. Det er ønskjeleg at dei som betaler
    medlemskontingent skriv epostadresse.
  2. Kjøpa boka direkte hos medlem i skriftstyret og betala kontant eller med vipps på stand eller ved tilfeldige møte.
  3. Viss ein er usikker eller har spørsmål, kan ein ta ein telefon til 932 88 237.
    Perioden med førehandskjøp til redusert pris vil vara fram til 15.oktober.
    Boklanseringa blir på boksleppet søndag 10.november i Helgheim. Det blir ein skikkeleg «bygdafest» etter same leist som i fjor. Utsending til dei som betaler for tilsending vil etter planen bli gjort før den helga.
    Innhaldet i denne boka er også i hovudsak henta frå dei siste 80 åra. Stoffet er presentert på ein lettfatteleg måte med svært mange kjekke bilde. Vi stikk innom 5 overnattings- og serveringsstader først i boka før vi legg ut på Strandstafetten, eit storarrangement i bygda, og deretter tar vi turen til Mannsvatnet og får innblikk i det yrande folkelivet der for 50-80 år sidan. Resten av boka er fylt med anna interessant stoff frå denne tidsperioden, og vi både trur og håpar at det vil falla i smak hos
    lesarane. Vi trur til og med dei vil humra litt når dei les om og ser bilde av kjente personar og situasjonar.’

Uskedal Historielag
Skriftstyret.

Tekst: Thor Inge Døssland
Foto/nett: Kristian Bringedal