Det er lagt opp til to dagars førehandsrøysting i Uskedalen. Det er onsdag 8. september og torsdag 9. september, begge dagane frå kl. 12.00 til kl. 18.00. Røystelokale ligg i Aktivitetshuset. Inngang frå tunet på baksida. Inngangen er skilta. Bilete syner inngangen til vallokale.

Valfunksjonær Bente Høyland fortel til uskedalen.no at det er to valdeltakarar i røystelokale. Det er lagt ut 22 lister i tillegg til eit blankt ark. Dei, som skal røysta, må ha med ID kort med bilete. Ein treng ikkje ha med valkort.

Godt val !

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal