Foredrag om framtidsfullmakt
Edle Lomheim held foredrag om framtidsfullmakt på Uskedal Helselag sitt medlemsmøte tysdag 2. september kl 1900. Helselaget vil ønskje både medlemmer og andre interesserte velkomne til foredraget i Gamleskulen.
Korleis framtida vår blir er vanskeleg å sei noko om, men Edle Lomheim kan fortelje oss noko om val og prioriteringar innanfor lov og rett når det gjeld framtidsfullmakt. Val vi kan gjere i dag kan vere viktige for oss i liva våre vidare. Slike fullmakter formidlar våre ønskje og prioriteringar for alderdom og/eller situasjonar med dårleg helse. Vi ser dette som god og nyttig informasjon å ta med seg.
Medlemsmøte og foredraget er ope for alle.
Tekst og nett: Elin Legland