Vel 50 gjester tok turen i Helgheim laurdagskveld for å få med seg foredraget til Søringen (Anders Kråkevik) frå TV-serien Søringen og Samen. På responsen å døma, var det ingen som angra på at dei tok den turen.

Anders Kråkevik

Medan gjestene kosa seg med kaffe i koppen og ein twist eller to attåt, fekk dei høyra Anders fortelja om korleis ein gamal draum om å fly Noreg på langs med propell på ryggen (nesten i alle fall), tok slutt allereie på dag 3. Då landa han i Kautokeino der han tilfeldigvis møtte samen Mathis, og slik gjekk det til at eit eventyr vart bytta ut med eit heilt anna…

Det var ikkje gitt at det skulle bli noko TV-serie utav dette. Anders fortalte om korleis mykje nytt og dyrt utstyr, råd frå bransjen og lærdom frå Youtube, nesten satt ein stoppar for heile TV prosjektet. Fyrst når Anders tok fram eit gamal kamera og filma, skjøna han at det likevel kunne bli noko å visa fram.  Slik vart sesong 1 av Søringen og Samen til.

Gjestene såg ut til å kosa seg medan Anders haldt foredrag.

No har Anders og Mathis vore ute på nye eventyr, både på Hardangervidda og i Mongolia. Desse turane er no blitt til sesong 2 av TV-serien. Vi fekk sjå episode 1 i Helgheim på laurdag. I tillegg fekk vi sjå klypp i frå episode 2 & 3. Mykje arbeid gjenstår både med klypping, lyd og musikk før sesongen er heilt klar til visning til neste år. Men, utifrå det vi fekk sjå på laurdag, må denne sesongen bli minst like god som sesong 1.

Vi skal ikkje røpa så mykje av det som skjer i den nye sesongen, men dei som vil vita om Mathis trives best på ein hesterygg eller reinsdyrsrygg, må benkja seg foran TV’n når neste sesong byrjar. Då får du kanskje og vita om det verkeleg var fisen til Mathis som skremde vekk ein heil reinsdyrsflokk på Hardangervidda, og om det er noko forskjel mellom reindriftssamane i Noreg og Dukhanfolket i Mongolia.

Mathis på epleplukking i Hardanger. Kva dei eplene skal brukas til, få vi greie på i sesong to av Tv-serien Søringen og Samen.

Anders er god til å formidla og fortelja. Å veksla mellom forteljing og å visa klypp frå reisene til han og Mathis, fungerte veldig bra. Både forteljingane og klyppa førte til humring og latter i salen. Innimellom svara Anders på spørsmål, og han var interessert i tilbakemeldingar frå gjestene.

Når foredraget var over, var det kjekt å sjå at mange av jestene vart verande igjen i for sosial mingling. Praten gjekk lett, og mange ville snakka med Anders om det dei hadde høyrt og sett.

Alle gjestene såg ut til å ha ei kjekk stund i Helgheim på laurdag. Anders let og vel over kvelden, så vi må kunna kalla dette arrangementet for ein suksess.

Søringen og Samen på veg mot nye eventyr?

Takk til alle som kom og var med oss på laurdag – vi trur alle gjekk heim og gledar seg til at sesong 2 av Søringen og Samen kjem på TV i februar. Det gjer i allefall vi.

Tekst/nett: For Uskedal Ungdomslag
Anita Enæs
Foto: Thor Inge Døssland/Anita Enæs