Senioruniversitet i Kvinnherad startar no opp att etter ein koronapause på vel 7 månader. Torsdag 21. oktober kjem Caroline Holmedal Saghaug frå Kvinnherad kommune for å snakke om den nyoppretta stillinga i kommunen. Møte vert på Rosendal Fjordhotell. Tema er: Førebyggande heimebesøk. Tidleg i sommar kunne ein lese i avisa at ho var ein av i alt 30 søkjarar på stillinga då kommunen lyste den ut tidleg på våren i år, og etter ein grundig gjennomgang landa kommunen på at fysioterapeuten frå Sandvoll var den best eigna til jobben.

Stillinga som Caroline Holmedal Saghaug har, er knytt til
Frisklivssentralen i Kvinnherad kommune. Frisklivssentralen er eit kommunalt kompetansesenter for fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.
I haust starta Holmedal Saghaug opp med førebyggjande heimebesøk til alle som fyller 77 år i løpet av året. Det er eit gratis og førebyggande tilbod til heimebuande eldre som ikkje mottek tenester frå kommunen. Tilbodet starta i haust. Målet med tilbodet er å bidra til at eldre skal kunne
meistra å bu lengst mogleg i eigen heim, med god livskvalitet.


Det vert som vanleg på møta i senioruniversitetet servert kaffi og noko å bita i etter foredraget. Og vi må ikkje gløyme det sosiale samværet og den gode drøsen etterpå. Møta i Senioruniversitetet er opne for alle interesserte som har høve til å delta på arrangement midt på dagen.

Kristian Hus, Øyvind Offerdal, Eva Røyrane, Morten Jentoft og Haktor P. Aakre kjem alle til Senioruniversitetet i løpet av hausten 21 og våren 22.

Tekst: Pressemelding
Foto: Grenda
Nett: Kristian Bringedal