Sauesamlinga er stort sett over. Ein tur på Eik, over Dønhaug og på dalen, ja, så ser vi sauer på heimebøen over alt. Det er eit vakkert syn der sauer beitar i saftig og godt gras. På turen til Sørestølen på Eik møter vi folkekjære sauer som føl oss heile vegen og vil ha kontakt. Eigaren er Andreas Kristoffersen. På Dønhaug og på Myklebust er sauene henta heim frå Vatnastøl og frå Hauglandsfjellet. Dei største flokkane er samla i Stakkabotnen, Grønningen og på Fjellhaugen. Nokre vel å senda sauer til slakt straks sankinga er gjort. Fatland sin slaktebil var i dag på søre Kjærland. Andre vel å venta litt før levering.

Magne Huglen har til vanleg sine sauer på Vatnastøl om sommaren. No er dei heime på bøen,
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal