I dag er det gjort kjent at Astrid og Pål Haugland er tildelt Folkehelseprisen for Hordaland 2021. Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak prisen. Uskedal helselag hadde fremja forslaget på Hauglandsekteparet som gjennom meir enn 50 år har gjort ein stor innsats med fokus på folkehelsa. I føremiddag mottok leiar i Uskedal helselag, Eli Roseth Eik, den gledelege meldinga over telefon, og ho gratulerte omgåande dei to velfortente prisvinnarane.

Då Uskedalen.no snakka med dei to eldsjelene, som ikkje nett er kjent for å lika så mykje av oppmerksomhet rundt seg sjølve, gav det tydeleg inntrykk av at det syntes det var veldig kjekt med tildelinga.

– Vi synes i grunnen det var aller kjekkast at det blei sendt inn forslag, for det viser at det vi har gjort er lagt merke til, og at bygdefolk har sett pris på det, seier ei glad Astrid. Pål nikkar tydeleg enig, og legg til at dei syns det er kjekt at det er lagt vekt også på andre ting enn det å skapa einarar, og andre helsefremjande tiltak enn reine idrettsaktivitetar. Han nemner rydjing og merking av turstiar, bygging av gapahukar og anna dugnadsarbeid som døme på det.

Asrid og Pål fortener verkeleg Folkehelseprisen.

-Som leiarar og trenarar i idrettsaktivitetar, har vi også alltid hatt i bakhovudet at det skal vera eit tilbod for alle, legg Pål til.

Vi kan lura på kva som har drive dei to eldsjelene som gjennom så lang tid har brukt så mykje av si tid til aktivitetar til beste for andre. I vel 50 år har nemleg desse to sett sitt preg på aktivitetstilbodet for oss som bur her.

-Det er gleda med det som har vore drivkrafta. Det har vore veldig kjekt å halda på med det, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar, grunngjev Astrid. Husbonden nikkar samtykkande og seier at om det har vore litt tyngre tider, har det gått veldig fort over.

-Eg syns det alltid har vore kjekt, seier Astrid, og Pål kan smilande sei seg heilt einig.

At dei no vert tildelt Folkehelseprisen i Hordaland 2021, er veldig fortent. Det er ikkje berre til glede for prisvinnarane, men heile bygda kan ropa høgt hurra! Vi må og gje honnør til helselaget som fremja det gode forslaget

Eli Roseth Eik i helselaget kan fortelja at sjølve utdelinga er litt på vent på grunn av koronasituasjonen. Frå fylkesnivå er det nemnt på at det truleg må skje på eit utearrangement, og då er det eit godt forslag at det skjer i samband med opninga av gapahuken på Flåtene med hornmusikk og stor festivitas.

Vi gratulerer dei flotte prisvinnarane og takkar helselaget som sende inn forslaget!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland