Den internasjonale eldredagen vart markert i går. Frivilligsentralen er arrangør og festen med middag og program er lagt til Kulturhuset Husnes. Markeringa går like tilbake til 90 talet med vedtak i FN om Eldredag lagt til dagane kring 1. oktober. Kvinnherad har invitert inn til eldredag i meir enn 20 år. Den 10 år gamle Avrora opna festen med Taras Tema og Summertime, spela på saksofon. Ho har spelt saksofon sidan ho var 6 år. I dag er ho elev i kulturskulen, både på dans og på fleire instrument. Etter talen til noverande ordførar Hilde Enstad var det middag, informasjon, song og helsingar.

På fleire av borda fann vi uskedelingar.

I år var det mellom 15 – 20 påmelde frå Uskedalen. Av dei vart Dag Helland plukka ut til å takka for maten, noko han gjorde på ein glimarande måte med humor og kulturhistorisk kunnskap. Menyen var sosakjøt med kaffi og taracotta til dessert.

Dag Helland med fast feriebustad i Uskedalen takka for maten.

Elevar frå 10. klasse på Husnes ungdomskule stod for borddekking, servering og rydding. Dei hadde laga bordkorta med artige tekstar kvar einskild gjest.

Kristian Bringedal med trekkspelet var festleiar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal