Med ei golvflate på knappe 1000 rutemeter og med innredning og bingar til 120 dyr må den nye fjøsen på Haugland vera den største og mest modrne som nokon gong er bygd i Uskedalen. Brørne Stian og Tor Ove Haugland gjer klar for innflytting og har alt fått meir enn halve buskapen på plass. No er det tilvenjing og innkøyring både for dyr og menneske med det aller nyaste som finst av utstyr i ein moderne fjøs, anten det er mjøkerobot, gjødselrobot eller formixar med digital og automatisk styring. Det er plass til 43 mjølkekyr i den nye fjøsen. I tillegg kjem 30 kalvar og 22 kviger/ stutar.

Stian Haugland fortel at framdrifta stort sett har gått etter oppsett plan. Etter fyrsteslåtten i sommar var det graving og klargjering av tomta. Fyrste støyping var alt 5. august og elementa kom i oktober. Etter at taket var på i november har det vore montering av innredningar og installasjonar. Målet var å vera inne til jul, men no vart det nokre veker seinare.

Det er Ola Haugland i Felleskjøpet som har teikna og prosjektert. DeLaval har levert mjølkeroboten og alt mjøkeutstyret. Grude Bygg står for betong og element. Det er kjøpt tenester frå Osnes på betong. Elles er det lokale firma på elektro og røyr.Tor Ove Haugland vil framheva det gode samarbeidet og gjennomføringa med alle leverandørane. Eik Røyr, på det meste med fire mann i arbeid, og Ølve Elektro med Rune Dahle har utført ein framifrå jobb.

Tor Ove syner formixaren der grovfor, men også matavfall, vert kutta opp og levert ut til dyra.

Ein ser ut til å halda budsjettet på 10,5 mill. kroner. Då er det lagt inn meir eigeninnsats enn fyrst tenkt. Brørne har sjølve stått for all graving, tomtearbeid, omlegging av veg og grøfter og ikkje minst det meste av innredninga. Far deira, Arne Johannes Haugland, har vore med på det meste.

Det meste er datastyrt. Nils Petterson frå DeLaval står for opplæring. Stian er ein lærevillig og motivert elev.

Tor Ove takkar Håkon Haugland og Tore Musland for mellomplasseringa av buskapen i byggetida. Dei har hatt unglevandes hos Håkon, kyr og kalvar på Musland. Elles har dei brukt den gamle delen av fjøsen til mjølking.

Ei ku er på plass i roboten for mjølking og foring, men før det vert klauvene spylte.

Den nye fjøsen er delt inn i ulike soner. Det er velferdsavdeling der dyra skal ha ro. Så kjem eigen behandlingsavdeling. Det er liggeavdeling med matter. Så er det montert eigne kalvingsbingar. For reingjering er det kubørste. Før mjølking i roboten vert klauvene spylte. Det er tre kraftforautomatar og ei rekkje drikkekar.

Kvar ku har sitt reg.nummer og IT løysinga her gir bonden ei mengde data.

Det er datastyring på all mjølking, formixing og reingjering med eigen gjødselrobot. Alt er programmert og styrt frå to datamaskinar. Nils Pettersson frå DeLaval på Voss er på plassen og driv installering og opplæring. Seinare er det teknisk support og oppstartrådgjeving.

Det er planlagd Open fjøs på Haugland når det vert opna opp etter koronaen.

Ein børstemaskin held kyrne reine.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal