Den nye julegrana som blei planta ved Gamleskulen for nokre år sidan, har vakse både godt og fint. No var den blitt så høg at toppen gnissa mot ei linje som var kommen der. Vakne auger oppdaga dette, og i vår tok nestor i veteranbandet, Bjørgulv Eik, ansvar. Han tok kontakt med dagleg leiar Gunnhild Nilsen Hillestad i Kvinnherad Breiband. Ho var svært samarbeidsvillig og lova med ein gong at dei skulle flytta kabelen som strekkjer seg frå Gamleskulen og bort til ein stolpe ved Sandavegen. I dag blei dette ordna.

Gunnar Våge i stolpen og Jan Andre Revheim som bakkemannskap i sving med å flytta linja.

To tilsette ved Kvinnherad Breiband, Jan Andre Revheim og Gunnar Våge, var på plass for å flytta kabelen slik at den no skal komma på sida av grana når den blir høgare. Kabelen blei også flytta litt høgare. No får vi håpa at toppen ikkje har tatt skade slik at den deler seg i fleire toppar.

Så langt teiknar den nye julegrana til å bli ein vakker arvtakar for Julagrano som har lyst opp i 58 år på rad i juletida til glede for alle forbifarande. Det kan enno gjera ein del år til, for sjølv om Julagrano til tider har sett litt krasjen ut, har den alltid kråna med seg. No ser den riktig bra ut. Men Uskedalen kan ikkje oppleva ei jul utan at grana lyser. Derfor er langtidsplanlegginga viktig.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland