Flyruta Stord–Oslo vert teke inn i FOT-ordninga

I etterkant av pandemien har det kommersielle flyrutetilbodet mellom Stord og Oslo blitt svekka. Dette har medført lokale ynskje om at flyruta blir inkludert i FOT-ordninga for å sikra eit føreseieleg flyrutetilbod. Regjeringa har merka seg dette og ruta vil bli ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024. Flyruta Stord – Oslo vert definert som ei FOT rute. Denne forkortinga står for Forskrift om offentleg tenesteyting. Det er lova reduserte flyprisar.

No vert det auka rutetilbod og redusert billettpris.

Staten kunngjorde i dag at flyruta Stord-Oslo vert inkludert i dei statlege kjøpa av flyruter frå og med 01.04.2024. Anbodet gjeld for 4 år. Statssekretær Jakob Bjelland kunngjorde på ein pressekonferanse på Stord lufthamn i dag den glade bodskapen. Flyruta skal ha minimum 12 rotasjonar pr. veke. Lufthamnselskapet med flyplassjef Jan Morten Myklebust ( frå Uskedalen ) feira dagen med kaffi og kaker og flagget gjekk til topps.  

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal