Utdeling av medaljar og korpssekk.

-Dei myssta nåke dei so ikkje va her, for detta va so bra, sa ein trufast konsertgjengar då ho gjekk frå konserten til skulekorpsa i Uskedalen og Rosendal i Aktivitetshuset tirsdag. Sant som det blei sagt, men heldigvis var det bra med publikum som fekk oppleva den. Underteikna passerte godt og vel 50 då han prøvde å telja publikummarane.
Det var ein flott konsert med eit friskt og publikumsvennleg program, og tilhøyrarane fekk oppleva godt samspel i korpset, heilt ferske aspirantar som opptredde for første gong og tre flinke solistar.

Aspirantane imponerte i sin første konsert

Konserten opna flott då tre av aspirantane, Kundai Sabuneti, Vebjørn Gjerde Eik og Ellie Bondhus, spelte tre nummer. Dei kom frå debuten med glans og imponerte med klare og gode tonar etter kort tids øving på kornettane sine. Ein av dei begynte på aspirantopplæring like før jul, medan dei to andre starta ved påsketider. Imponerande kva Nick Hughes hadde lært dei på så kort tid. Det er også ein fjerde aspirant, Ayesha Morshed, men ho er nett begynt og var derfor ikkje med på konserten. Etter nokre år med mangel på aspirantar, er det svært gledeleg at det er 4 aspirantar dette året. Kanskje kan dette bety ein ny opptur for skulemusikken? Viss det er fleire som kan tenkja seg å begynna, kan føresette berre ta kontakt med Monica Hermann (906 35 493). Det kan vera starten på ein kjempehobby som ein kan ha mykje kjekt med heile livet!

Korpset dirigert av Nick Hughes

Etter den flotte starten var det korpset sin tur. Dei gledde publikum med flotte framføringar som gjorde publikum glade. Applausen sat laust. Dei starta med Red Rock March, fortsette med svingande Edvard Grieg i Swinging with Mountain King (Dovregubbens Hall), underteikna sin favoritt. Deretter fekk vi høyra både eit utval av melodiar frå musicalen Grease, den friske Battle of Jericho og dei avslutta den flotte konserten med ei god framføring av Olsenbanden. Kjempebra!

Theodor – Georgia on my Mind

Før dei to sistnemnde nummera fekk vi høyra tre flinke solistar. Først ute var trombonisten Theodor Børretzen med Georgia on my Mind, der den unge trombonisten imponerte med flott klang.
Ebba Hermann Fossli hadde ei heilt nydeleg framføring av vakre Share my Yoke. Ho blei akkompagnert av Yuko Shuto (piano) på innspelt komp. Av alle dei flinke må vi ta nokre ekstra ord om Ebba. Det var ein nytelse å høyra på ho. Ho er komen svært langt på instrumenta sine. Denne gongen var det flugelhorn. Ho spelar så vakkert. På eit høgt nivå! Ho blir nok å høyra oftare som solist, så oppfordringa blir: kom og nyt!
Ebba blei etterfulgt av kornettisten Mathilde Helvik. Ho spelte nydelege Gabriellas Sång og kom svært godt frå det. Det var velsig kjekt å høyra dei tre solistane, og det er utvilsamt svært utviklande at dei får stå fram på denne måten framfor publikum.

Ebba – Share my Yoke
Mathilde – Gabriellas Sång

Innimellom den fine musikken blei det også delt ut korpssekk til aspirantane og medaljar til 4 musikantar. Det var Erle Marie Korsvold og Anna og Ola Hermann Fossli som har spela i 5 år, og Ebba Herrmann Fossli som no kan sjå tilbake på 7 år som messingblåsar. Dirigenten Nick Hughes blei overrekt velfortente blomar av leiaren i skulemusikken, Monica Hermann. Nick er ferdig med sitt første år som dirigent, og han har tydelegvis gjort ein god jobb med musikantane. Det er også han som har aspirantopplæringa, og i tillegg er nokre av korpsmedlemmene elevar hos han i kulturskulen.

Medaljemottakarar.

Vel blåst konsert, og vel blåst sesong!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland