Motvind Kvinnherad sitt arrangement i båthamna i Uskedalen var svært vellukka. Det var eit godt program, og mange let seg ikkje stoppa av den litt sure og kalde trekken. Dei møtte opp for å delta. Eg talde til tett på 100 personar så det var nok noko over 100 til stades. Frå båthamna kunne vi også sjå varden som lyste mot oss frå toppen av Skorpo. Den var nok synleg for mange i eit vidt område, og Motvind-leiar Annemor Ekeland og mange andre var svært takksame for at Oscar Langballe hadde teke ansvaret for dette. Den hadde nok fortent eit betre bilde enn det som er vist over

Tormod Kayser opna programmet med tre trommeslåttar, m.a. frå Kletta.

Tormod Kayser gav arrangementet ei flott opning. Han framførte tre trommeslåttar før Annemor Ekeland ønskte alle velkommen. Ho leia det flotte arrangementet saman med Astrid Døssland.

Eit sterkt innslag var det då heile folkehopen song “Kan du høyra folket syng?” saman med koret Røysterett for Alle og Kjell Borge Olsen på skarptromme. Eit tydeleg bodskap, og eg tar med refrenget her:
Kan du høyra folket syng? Høyr kor det ljomar fast og stort!
Det er musikken frå eit folk som ynskjer vindturbinar bort.
Når så dine hjarteslag taktfast med trommer slår i lag,
skal me fritt feira at naturen vinn fram ein dag.

Røysterett for Alle og Kjell Borge Olsen på skarptromme.

Røysterett hadde også ei eiga konsertavdeling i tillegg til at dei leia allsangen i “Mellom bakkar og berg”

Sentrale aktørar i programmet: Annemor Ekeland, Kristine Frøystein Reime og Astrid Døssland.

Kristine Frøystein Reime som nyleg har overteke Frøystein-garden på Husnes, representerte klatregruppa i Uskedalen då ho framførte ein svært god appell som ho hadde utarbeidd soman med andre i klatregruppa. Ho la vekt på verdien av den vakre naturen rundt oss no, og også i framtida. Ho understreka mellom anna kor viktig det var at den innbaud til gode aktivitetar for heile familiar samla, både foreldre og barn og gjerne fleire.
Hildegunn Flengstad frå Motvind Tysvær og styret i Motvind Norge fortalde om kampen som dei hadde ført i Tysvær. Dei hadde ein tøff kamp, og det var tankevekkjande og skremande å høyre korleis lokalbefolkninga hadde blitt overkøyrt og overrumpla. Det understreka kor viktig det er at vi står på i denne kampen. Viss ikkje, kan vi risikera at mange av dei vakre fjellområda rundt oss kan bli til naturskjemmande og miljøøydeleggande vindturbinparkar. Og vera øydelagde for alltid!

Hildegunn Flengstad kom frå Tysvær og fortalde om den tøffe og vanskelege kampen der.

Etter å ha høyrt om kampen i Tysvær var det greitt å la tankane siga medan vi lytta til “Rustne Menn” som framførte tre låtar frå repertoaret sitt som ei fin avslutning på det viktige arrangementet.
Og medan alle gjekk heim til sitt, kunne dei sjå elden frå varden på Skorpefjellet som gav håp. Rapportar fortel at den var synleg i eit svært vidt område.

Rustne Menn avslutta programmet.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland