Mandag gjekk den første av dei fire julekonsertane til kulturskulen av stabelen. Det vart ei flott og stemningsfull førjulstund der mange unge musikarar imponerte meg. Det var gitarensemble, pianosolistar, marimbaorkester, kornettsolistar, trommisar, cellist og el bassist på rekkje og rad før konserten blei runda av på glimrande vis av rockebandet Amigos. Tusen takk til alle musikarar og dyktige lærarar som stelte i stand denne konserten. No har kulturskulen to konsertar til denne veka, tirsdag og onsdag, før den siste i denne konsertrunden som er tirsdag i neste veke. På bildet over ser vi Franciszek frå Klammeren, og Natas og Amber frå Halsabråtet som utgjorde halvparten av eine gitarensemblet.

Andreas Haugse (nr.2 f.v.) spela gitar i eine ensemblet, leia av gitarlærar Ingvald Nilsen-Nygaard(t.h.)

I denne omtalen tar vi i hovudsak med deltakarane frå Uskedalen. Dei kom alle flott frå opptredenane sine. Eit gitarensemble der Natas Kairys, Amber Kairyte og Franciszek Blaszyk var 3 av dei 6 medlemmene opna konserten med to nummer, Jingle Bells og How Do You Do. Andreas Haugse spela i eit anna gitarensemble, og dei framførte m.a. Nu tennes tusen julelys. Mangeårig gitarlærar i kulturskulen, Ingvald Nilsen-Nygaard, har tydelegvis god hand om undervisninga på dette instrumentet.

Martine Myklebust.
Vilde Helgesen
Anna Hermann Fossli

På piano fekk vi oppleva 3 unge uskedalsjenter. Vilde Helgesen spela nydelege En stjerne skinner i natt, og Martine Myklebust framførte Carol of the Bells. Begge har nokre år bak seg på instrumentet og er svært flinke. Anna Hermann Fossli er ferskare og yngre, men dette ustoppelege talentet imponerte også. Ho spela stykket Fra England. Ein kombinansjon av tre unge talent og lærar Yuko Shuto, ja, då blir resultatet flott!!

Anna opptredde også med kornetten sin. Også der kjem talentet svært tydeleg for øyra. Femteklassingen har alt “voksen” og god klang. Det viste ho då ho framførte Share my Yoke. Søstera Ebba er komen endå lengre på dette instrumentet. Ho har lenge vore flink, men har likevel utvikla seg mykje siste året. Med nydeleg spel og tone framførte ho stykket Walking in the air. Begge kornettistane blei akkompagnert av Yuko Shuto på piano, og det underbygde det nydelege kornettspelet.

Anna Hermann Fossli
Ebba Hermann Fossli

Elles var det flinke elevar på cello, el bass, trommesett og i marimbaorkester før rockebandet Amigos avslutta det heile med 4 nummer, det siste var ekstranummer. Dei starta med den sjølvlaga Amigossongen den frontfigur og vokalist Leif Inge Heimvik syngande presenterte medlemene i bandet, “det beste rockebandet mellom Haugesund og Voss”. Deretter fulgte eit juleprogram med Glade Jul, Julekveldsvisa og ekstra nummeret Feliz Navidad som blei framført vekselvis på norsk og originalspråket. Ei imponerande avdeling og ein flott slutt på den gode konserten. Mange av medlemmene i bandet kjenner vi i Uskedalen då dei har, eller har hatt, arbeidet sitt ved Kvinnherad Vekst.
Det forundrar meg at ikkje Amigos har fått plass i den nye boka om pop og rock i Kvinnherad. Gjennom fleire tiår har dei opptredd på mange scenar og gledd eit stort publikum! Dei har i alle fall, etter mi vurdering, langt meir å visa til enn mange av banda i boka. Men av eiga erfaring veit eg at det er lett å gløyma noko når ein held på med slikt arbeid. Og gløymer ein ikkje noko, får ein ikkje gjort noko.

Amigos. Vi ser Leif Inge, vokalist og elles fast innslag på julekonserten i Uskedal kyrkje, fremst. Bak han ser vi Ståle Mehl på keyboard og Martin Teigen på perkusjon. Martin imponerte også på trommesett tidlegare i konserten i Jingle Bell Rock. Bandet har ca 10 medlemmer og blir dyktig leia av Kjell Skarsfjord og Ingvald Nilsen-Nygaard.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland