Mange uskedelingar er med.

Dei to komande vekene er det klart for kulturskulen sine julekonsertar. Med så mange flinke aktørar blir elevane fordelt på 4 konsertar. Tre av konsertane er i konsertsalen på kulturskulen på Husnes, medan den 4. er i amfiet på Malmanger skule. Neste veke er det konsertar på Husnes mandag 11. og tirsdag 12. desember, og i Rosendal onsdag 13.desember. Veka etter er det konsert på Husnes tirsdag 19. desember. Alle konsertane begynner kl. 18, og dei er gratis. På desse konsertane pleier vi å få høyra mykje vakker og stemningskapande julemusikk framført av unge flinke musikarar. Her kan ein få mykje god julestemning utan å betala ei krone.

Anna og Amber framme t.v. skal begge opptre på konserten på Husnes mandag 11. desember. Då spelar dei høvesvis piano og gitar. Anna skal også spela kornett. Her frå konserten med Singing Tweens i samband med julegrantenninga.

Nettsida har fått melding om at det er mange uskedelingar blant aktørane. Etter det vi har fått opplyst er det særleg mange av dei på konserten mandag 11. desember i konsertsalen på kulturskulen på Husnes. Den startar altså kl. 18.

Vi har fått melding om at desse i alle fall er blant dei som skal opptre.
Pianoklasse:

  • Martine Myklebust
  • Vilde Helgesen
  • Anna Hermann Fossli

Gitarklasse:

  • Natas Kairys
  • Amber Kairyte
  • Franciszek Blaszyk
  • Andreas Haugse

Messing:

  • Anna Hermann Fossli, kornett
  • Ebba Hermann Fossli, kornett

Begge blir akkompanert av Yuko Shuto på piano.

Den populære gruppa Amigos er også med på konserten.

Frå lærarhald får vi opplyst at dei er svært flinke og positive elevar. Vi gler oss veldig til å høyra dei saman med alle dei andre som skal opptre.
Det kan også vera fleire uskedelingar som vi ikkje har fått melding om. Då er det berre å ta kontakt.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Faksimile frå plakaten og arkivfoto (Nelly Kjærland)