NRK super har i 10 år stått i bresjen for BlimE-dansen. Kvart år har elevar på skular rundt i landet øvd inn ein ny dans til nylaga musikk. Uskedal skule er ein av skulane som kvart år er med. Til liks med skular rundt i heile landet fråmførte Uskedalselevane dansen i dag kl.12. Rektor Odd Steinar Arnesen filma den flotte framføringa, og no kan vi sjå opptaket på NRK Super.

7. klassingane leia den flotte danseframføringa.

BlimE er NRK super sin vennskapskampanje der målet er å fremja vennskap og omsorg for kvarandre. Slagordet er “Sei hei!! Ver ein venn!! BlimE!!” Kvart år blir det lansert ein ny låt med tilhøyrande dans. Dette er eit ledd i styrking av samhald på skulane.

Låten dette året heiter “Dynamitt” og blir sungen av Nicolay Ramm. Til låten er det laga ein heilt ny dans, og det følgjer også undervisningsopplegg med der lærarar og elevane kan læra dansen via nettundervisning. I Uskedalen har dei først øvd godt på dansen klassevis, og så har dei hatt fellesøving for heile skulen først på dagen siste veka fram til framføringa i dag kl.12.

Flotte dansebevegelsar.

Før rektor Odd Steinar Arnesen retta handa i veret og bad om oppmerksomheten frå podiet, var det mange spente og forventningsfulle elevar i Aktivitetshuset. Då han sette i gang “Dynamitt” over høgtalarane, var dei for fullt med i dansen. Både dei minste og dei store. Det varierte melom spretne, raske og rolege bevegelsar, og det var tydeleg at dei hadde øvd godt. Til og med dei yngste, 1. og 2. klassingane, fulgte godt med i bevegelsane. Ganske god presisjon og aldeles herleg innlevelseglede!! Var ein litt usikker, var det godt å ha 7.klassingane famfor som viste dansen slik gode leiarar skal.

– Det var jammen gøy. Eg syns det er veldig kjekt når alle elevane på skulen kan gjera slike ting i lag, sa ein av dei største gutane. Det fortel at BlimE-dansen har noko for seg. Det styrkjer felleskjensla!

Rektor Arnesen filma framføringa, og no kan vi sjå den på NRK super ved å klikka HER.

Det var ei flott framføring av små og store elevar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.