AT-skog har starta arbeidet med kartlegging for kva hogstfelt som skal takast med i ny skogbruksplan for Kvinnherad. Så langt uskedalen.no kjenner til har fleire grunneigarar i Uskedalen meldt si interesse for å vera med og få subsidiert kostnader med å få laga plan. Det har alt vore kartmøte. Neste steg er at AT-skog skal på synfaring for kartlegging. Statsforvaltaren tek 70 % av kostnaden med planen. AT-skog som har sitt hovudkontor i Porsgrunn, er ein av fleire aktørar som står for kjøp og sal av skog.

Uttransport av tømmer frå hogstfeltet på Døssland/Feet.

Etter skogdagen på Døssland/Feet er det meir aktuelt enn før å ta ut skog med taubanedrift. Nokre av hogstfelta i Uskedalen ligg slik til at taubanedrift er den einaste driftsforma. Aktuelle plasssar kan vera Kjærland og Haugland. I Kleivadalen og Andersdalen vart det for nokre år sidan brukt beltegåande hogstmaskinar. På Skorpo var det tømmerhogst for om lag 30 år sidan. Hogstferdig skog er på nytt klar for uttak.

Tømmerdrift i Kleivadalen og Anderdalen for nokre år sidan.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Johannes Kaldestad Feet