
Fleire gevinstar i musikklagslotteriet.
Flott sveipa skrin m/utskjeringar og badstoveoppleving i tillegg.
Nyleg starta Uskedal Musikklag opp eit lotteri til inntekt for drifta av korpset. Dei var svært fornøgde med den fyldige og gode gevinstlista som var gjeven av rause firma og musikklagsmedlemmer. Etter oppstarten er denne lista blitt endå betre. Althornisten i korpset, Ståle Eik, er som kjent ein meister i trekunst. Han beherskar mange teknikkar. Han har gjeve eit flott sveipa skrin med nydelege utskjeringar. Frå Badstova i Uskedalen (badstova.no) ved Morten Eidsvik har vi motteke gåvekort på halvannan time badstoveoppleving for inntil 6 personar. Ein flott og spennande gevinst, for dei som har prøvd dette nye tiltaket på Sandakaien, er fulle av lovord. Dette skal vera ei særs god og avslappande oppleving!
Lodd kan kjøpast ved å vippsa til 93 05 41 (Uskedal Musikklag) så vil kasseraren skriva lodda inn i loddboka. Pris pr. lodd er 10 kr. Lodd kan også kjøpast direkte hos musikklagsmedlemmene, og musikklaget vil også sitja og selja lodd ved SPAR Uskedalen litt seinare i vår.
Trekning er i medio juni, og vinnarane blir gjort kjent 17.juni. Dei blir og kontakta.

Gevinstlista:
- Bålpanne, verdi 2800 kr, gjeven av Lio Sag & Treforedling
- Leiebil ein weekend, 2490 kr, Vest Bilutleie.
- EU-kontroll + viskarsett, verdi ca. 2000 kr, S. Rødsten bilforretning
- Superslipar, verdi 1889 kr, Byggern Husnes
- Bluetooth høgtalar, verdi 1190 kr, Power Husnes
- Dobbelt vaffeljern, 699 kr, Europris Husnes
- You star video kit, verdi 545 kr, Clas Ohlson
- Stort termokrus, verdi 299 kr, Mekk Husnes
- Rund hekla duk, Margrete G. Mehl
- Gåvekort på Bondekompaniet, Knut og Ingunn Steinsletten
- Sveipeskrin med utskjeringar, Ståle Eik.
- Badstoveoppleving, 1,5 time for inntil 6 personar, verdi 990,-, Badstova Uskedalen.
Musikklaget takkar alle som har gitt dei flotte gevinstane. Mange takk til dei som støttar drifta av korpset ved å kjøpa lodd.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland