Det har vore tradisjon med flaumljos på Uskedal kyrkje i adventstida. Slik vert det i år også, men med bakgrunn i oppmoding om å spara straum, vil ein venta nokre veker. Rett nok har kommunen avtale om å bruka rimlegare konsesjonsstraum, men energi er ein knapp ressurs og då bør kyrkja gjera sitt til å spara. Det er kyrkjeverje Torstein Aarthun som skriv dette i brev frå Fellesrådet. Han skriv mellom anna vidare:

Kommunen vår har sett i gang sparetiltak med lågare temperatur i alle bygg og i tillegg slår dei av utelys. Underteikna har vore med på møte med kommunen der straumsparing har vore einaste sak. Då tek det seg dårleg ut at kyrkja går andre vegen og slår på lys ute. Sjølv om det er LED-lys og begrensa energibruk, kan de gje eit dårleg signal.

Ei god løysing er la vera å lysa opp kyrkjene i Kvinnherad i heile adventstida. Kyrkjeverje vil i samråd med kyrkjetenar finna ei tid då flaumljoset kjem på.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv - Øystein Enæs