Gaute Bondhus fann i dag i 10-tida flaskepost på Årsnes. Bondhus jobbar på Lerøy sitt oppdrettsanlegg som ligg på Årsnes. I dag var han med på ei strandsonebefaring, mellom anna for å sjå om det var søppel i fjæra. Då var det at han fann flaskeposten kilt fast mellom nokre steinar. Avsendarane er truleg Marianne og Ingebjørg Haugland, 8 og 9 år. Hendinga ligg sikkert minst 20 år tilbake i dag. Telefonnummeret er gamalt og tilhøyrer Lars Haugland. Uskedalen.no er takksam for meir informasjon, ikkje minst frå dei som skreiv brevet og la det ut som flaskepost.

Flaskepost funnen på Årsnes, truleg frå Uskedalen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gaute Bondhus