Det går mot ei travel helg for Harald Sætre. I meir enn 40 år har han vore engasjert i lokal ruteferdsle, særleg med bakgrunn i HSD båtane. No er boka om hydrofoil- og snøggbåtane lansert og på veg ut til dei som driv bokhandel over heile Vestlandet. Det er den 5. boka frå Harald Sætre, i tillegg til to bøker der han har vore medforfattar. Boka FULL FART ! kan også kjøpast direkte frå Kapabel forlag v/ Otto Ersland. Uskedalen.no møtte Sætre på D/S kaien i Herøysundet, ein av stoppeplassane for hurtigbåtane etter at det var slutt på lokalrutebåten HALSNØY i Kvinnheradruta til og frå Os.

Boka FULL FART er lansert og er å få kjøpa i bokhandelen eller direkte frå forlaget KAPABEL.

Fjordsteam i helga er ei samling av mellom anna veteranbåtar, krigsfarty, polfararar, veteranfly, dampkøyrety og veteranbilar av ulike slag. I programmet er Harald Sætre sett opp med to føredrag, eit ombord i HESTMANDEN på fredag og eit på sundag. Nøyaktige tider og titlar er:

  • Fredag kl. 11.30: Veteranbåtar med tilnyting til Bergen
  • Sundag kl. 13.30: Frå damp til hydrofoil mellom Stavanger og Bergen

Harald Sætre er for tida redaktør for Dampskibsposten, eit medlemsblad for ulike veteranbåtlag i landet. Sætre har feriebustad i Uskedalen og er aktiv skriftstyremedlem i Uskedal Historielag.

Uskedalen.no vil ved eit seinare høve skriva ei bokvurdering.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal