![](https://uskedalen.no/content/uploads/2023/05/Utsnitt-dugnad-framside-1000x715.jpg)
Fjellydugnad 3. juni
Uskedal Ungdomslag ved hyttestyret inviterer til dugnad på Fjelly laurdag 3. juni kl. 10:00
Det er naudsynt vedlikehaldsarbeid som er prioritert å få utført.
Skraping og maling utvendig
Skifte eit vindauge
Rydde i naust
Diverse utstyr må berast frå enden av skogsbilvegen til Fjelly.
Gamalt utfasa utstyr berast frå Fjelly til enden av skogsbilvegen
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2023/05/20230419_170004-1024x461.jpg)
Ungdomslaget spanderer felles middag (betasuppe), kaffe og kaker til alle som vert med på dugnaden.
Laurdag kveld vert det fyrt i bålpanna og vi vonar det vert god drøs rundt bålet. Om du ynskjer å bli til søndag ta med telt og sovepose.
Om du ynskjer å delta på dugnaden er det fint om du kan melde deg på på førehand, slik at vi får ein indikasjon på mengde mat som skal til.
Påmelding til:
Magnhild Haugland 915 92 757 / e-post
Anita Enæs 993 20 878 / e-post
Tekst: Fjellystyre Foto/Nett: Hans Ordin Østebø