Styret for Fjelly kan i dag med stolthet visa fram bilete av ny vedomn med steikeomn på toppen ferdig montert og fyr i brennkammeret. Dette er mogeleg å få til med støtte frå Sparebank1 stiftinga Kvinnherad, gode hjelparar og god dugnadsånd.

Den gamle vedomnen var ikkje heilt tett i samanføringane. Foto: Anita Enæs

Etter diverse utfordringar med den gamle vedomnen i hytta, sette hyttestyret i gang forprosjekt for å sjå på alternative løysingar.

I løpet av seinsommaren og hausten vart det leiting på nett og synfaring på Dyrskun i Seljord etter alternativ omn. Det vart snart klart at vi ynskte ny omn med integrert steikeomn. Kalkyle vart laga og søknad sendt til Sparebank1 stiftinga Kvinnherad. I november fekk vi melding om at vi fekk tildelt omsøkt beløp til ny vedomn.

Bestilling vart iverksett frå byggmere.no, no var omnen på enda betre pristilbod en då søknaden var skriven. Omnen vart mellomlagra tørt og godt i Halsabrotet, fram til føretilhøve med snøscooter var mogeleg over fjellet. 1. januar kom melding frå Pål Haugland om at no var det snøscooter føre over fjellet. Vedomnen var transportert opp til skogsbilvegen, her frå frakta Jone Kjærland og Steinar Haugland omnen med traktor til toppen av skogsbilvegen.

Laurdag 6. desember var det avtalt transport over fjellet. Pål og Steinar Haugland stilte med snøscooter. Tre frå Fjellystyret tok ut tidleg for å være klar på toppen før kl. 10.

Omnen transportert med snøscooter fram til Fjelly. Foto: Anita Enæs

Utover januar var ikkje været på vår side, men helga 11. februar var det endeleg mogeleg for Magnhild Haugaland og Anita Enæs å komma seg til Fjelly. Pipa vart flikka og malt med fin gråfarge som passa fint inn i hytta.

Pipa ferdig malt. Foto: Anita Enæs

I dag har Trond Johannes Myklebust og Hans Ordin Østebø fått montert den nye vedomnen på Fjelly. Den nye vedomnen passa fint inn i hytta.

Ny vedomn ferdig plassert og justert. Foto: Hans Ordin Østebø

Då var det klart for oppfyring med sjekk av røyrføringar og trekk. Frå kald om til termometeret i steikeomnen viste 100 grader gjekk det 30 minuttar. Etter om lag 1 time var temperaturen i steikeomnen komt opp i 400 grader.

Etter ca 1 time viste termometeret 400 grader i steikeomnen. Foto: Hans Ordin Østebø

Ungdomslaget og Fjelly-gjengen ynskjer å retta stor takk til alle som har bidratt med hjelp og dugnad, slik at prosjekt ny vedomn på Fjelly er blitt utført på ein god og vellukka måte.

Tekst/Nett: Hans Ordin Østebø