Fiskereglane i Fjellandsbøvatn er dei same som for Uskedalselva.
Ein lesar spør om det lov å fiska i Fjellandsbøvatn og om kva fiskreglar som gjeld. Svaret er at fiske i Fjellandsbøbvatn føl reglane for fiske i Uskedalselva. Dersom det er ope for fiske i elva, er det også lov å fiska på Fjellandsbø. Dersom elva er stengd, slik det har vore i heile sommar, er også vatnet stengd. Kjøp av fiskekort i elva gjeld også for Fjellandsbøvatn. Men, som sagt. Med bakgrunn i lite laks og aure, er elva stengd. Dette er bestemt med vedtak i Miljødirektoratet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal