Lokal kysthistorie og kultur er dokumentert i boka Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen. I bok 1 finn vi omtale av 150 båtar med bilete og illustrasjonar. Det er stoff til minst ei bok til. I tillegg er det mykje anna historisk materiale, temaartiklar og intervju med tidsvitne. Når uskedalen.no tek turen til Halsnøy, er det mellom anna for å møta Arild Engelsen frå Tønsberg, med namnet sitt frå Eidsvik på Halsnøy. Det gjer vi fordi Engelsen har vore ei viktig kjelde for Olaf Agnar Gausvik i hans arbeid med prosjektet PÅ EIGEN KJØL, ei historisk sjøreise med fartøy frå Uskedalen. Gausvik har førebels sett strek for eit stort og omfattande arbeid. Manuset på 237 sider med alle tilhøyrande dokument vil bli overlevert til det nye bygdearkivet på Stemneplassen. Meir informasjon om PÅ EIGEN KJØL kjem i eige innlegg.

Kristian Hus i samtale med Arild Engelsen, ei viktig kjelde i arbeidet med lokal fartyhistorie.

I samtale med Arild Engelsen kjem det fram at han gjennom mange år har registrert og funne fram detaljerte opplysiningar om skuter frå heile Kvinnherad. Han kjenner mange av fartøya med tilknyting til Uskedalen. Engelsen set pris på samarbeidet med Olaf Agnar Gausvik. Det er eit prosjekt mange vil ha nytte av.

Frode Sæbø frå Sæbøvik, bur i Korsneset i Uskedalen, har skrive artikkelen Mytteriet på ” Drako “. Frode er med i fotogruppa i Kvinnherad sogelag. Han har utvikla den populære og mykje lesne nettsida Liv og røre i Sæbøvik.

Lions Club Halsnøy er utgjevar av fartøyboka. Opplaget er på heile 1200 eksemplar. Grafisk designar er Kristen Børje Hus i Multipleks design. Kristian Hus har lese korrektur og hjelpt til med disposisjonen i boka. Martime ord og uttrykk er forklart. Det same er fagord knytta til lengde og tonnasje. I lista over informantar finn vi nær på 100 namn, av dei Olaf Agnar Gausvik. Eit eige register over båtar i boka er ordna alfabetisk.

Boka Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900 – 2013, bok 1, er å få kjøpt i bokhandelen i Rosendal og på Husnes, dessutan i lokale butikkar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Hus/ Kristian Bringedal