Alice Roseth Helleberg med besteforeldre i Uskedalen var med i Debatten med Fredrik Solvang i går kveld. Tema var kvinner i arbeidslivet, kjønnsroller og tidsklemma mange opplever med barn i skule og banehage og ofte i ein krevjande jobb. Alice og mannen hennar er fiskarar. Dei er kvart år med på torskefiske i Lofoten eller på Finnmarkskysten.

Dei bur på Ølbeg på Jæren. Aice er styreleiar i stiftelsen Hun fisker. Ho er fyrste kvinnelege nestleiar i Kystfiskarlaget og har difor tett samarbeid med Tom Vegar Kiil, styreleiar i Kystfiskarlaget. Han kom med i programmet straks etter innslaget med Alice.

Nokre merka seg sikkert at Fredrik Solvang presenterte Alice med namnet Alis; dette sjølv om produsenten på førehand bad særleg om ei presiering på rett namnebruk.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump NRK 1