Uskedalselva er open for fritt fiske. Det er ideelle tilhøve med nok vatn både for sluk, floge og makk. Elva er inndelt i soner og fiskaren betalar avgift ut frå kva sone ein vel. Born saman med føresette har fri adgang til fiske utan å betala for fiskekort. Målet er å stimulera til og leggja til rette for gode friluftsaktivitetar. Det er til vanleg godt fiske i Uskedalen. Mange av dei faste fiskarane reiser mellom ulike elvar, alt ut frå kor det er best fiske. Det kan vera mellom Årdalselva i Ryfylke, Etneelva og Uskedalen. Bilete syner deler av sona Dønhaug. Meir informasjon finn du på Elveguiden – Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal