Fire kandidatar frå Uskedalen på FRP lista - Tove Lill Lakselv er truleg tilbake i politikken.
Går det slik nominasjonsnemnda gjer framlegg om, er truleg Tove Lill Lakselv frå Uskedalen tilbake i politikken. Ho er på kumulert plass som nr. 3 på lista. Ho kom med politikken med fast plass i kommunestyret alt i 2003 og var vidare med etter valet i 2007. Lakselv var komiteleiar i Forvaltning. Ho var også med i Levekårsutvalet. Tove Lill Lakselv har såleis erfaring og er kjend med ansvar og oppgåver med å vera folkevald. Ellinor Rein er nr. 1 og dermed ordførarkandidaten. På listeframlegget finn vi dessutan desse namna frå Uskedalen på FRP lista:
- nr. 11: Nils Ragnar Myklebust
- nr. 15: Hallgeir Snilstviet
- nr. 16: Stian Haugland
Uskedalen.no gjer merksam på at dette er eit listeframlegg. Endeleg liste er klar etter vedtak på medlems- og nominasjonsmøte.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Ole-Johan Lakselv