Fire hus er selde i Uskedalen på kort tid.
Hus og eigedomar sel godt i Uskedalen. På kort tid, den siste månaden, er fire hus/eigedomar selde. Eit større bustadhus, det som var fabrikkboligen i Beinavikjo, er så langt vi kjenner til, ikkje seld enno. Alt dette har skjedd på kort tid. Husa ligg på Steinsletto, i Ospelunden, sentrum og på Haugland.
Eit av husa som har fått ny eigar, er det som var lærarbustad på Haugland. Familien Haugland selde huset i juni 2023. No er huset seld på nytt til lokale kjøparar. Lærar Andreas Haugland kjøpte den kommunale lærarbustaden, bygd i 1920, i 1957 då han vart pensjonist.

Eit anna hus i sentrum, skreddar Jakob Myklebust sitt hus, seinare Magnhild Omvik, har vore fritidshus dei siste åra. Eigarane budde i Granvin. No er huset seld på nytt, som fritidshus.
Dei to andre husa ligg som sagt på Steinsletto og i Ospelunden. Det er større hus, det eine med stor hage, hagestove og uthus. Huset i Ospelunden går over to plan og har utleigedel på grunnplan.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Eiendomsmegler 1/ Arkivfoto