Med flagget til topps og langt over hundre samla på Haugland til opning av robotfjøs må dagen seiast å vera ei storhending for landbruksnæringa i Uskedalen. Alle var der, frå hauglandsfamilien i fire generasjonar til leverandørar, landbrukskontor og eit rikt utval av bønder og andre interesserte frå heile kommunen. Kjetil Olsen frå Fjøssystemer leia den offisielle delen. Øystein Haugland frå eigarane orienterte om utstyret, installasjonane, utbygginga og sjølve styringa. Plassen er god både for buskapen og for dei som skal jobba i fjøsen. Det er tilrettelagt for utviding og for evt. endringar i framtida. Bilete på topp syner familien Svanhill og Lars Haugland med borna Johannes, Øystein, Torbjørn og Ingebjørg. Barnebarnet Njål var med på markeringa. Det same var mor til Lars, Inger Haugland.

Det var samla mykje folk på Haugland i dag, både ute på gardsplassen og inne på låven.

Grovt kan vi dela bygget inn i to deler, ein silodel og ein fjøsdel. Den 13 meter høge siloen med 14 ringar er skoten 10 meter ned i i terrenget og har ein kapasitet på 700 kubikk. Det vert ikkje brukt siloballar, mellom anna for å unngå bruk av plast. Fjøsdelen inneheld mjøkerobot og ein skraperobot. Det er installert 49 liggebåsar. I tillegg kjem kalvebingar og reingjeringsplass.

Mjølkeproduksjonen fyrst året ( 2022 ) er på 337 tonn mjølk. Frå neste år vert produksjonen auka til 410 tonn levert mjølk. Heile bygget vert definert som ein kaldflor,

Plassen er god med heile 49 liggebåsar. I tillegg kjem plass til mjølkeroboten, kalvebingar, skrubbeplass og kontor.

Leverandørane var representert med:

  • Fjøssystemer v/ Kjetil Olsen
  • TINE v/ Knut Flatebø
  • Fiskå Mølle v/ Anita Larsen
  • Nortura v/ Harald Silsand
  • Grude Bygg v/ Martin Svihus

Kjetil Mehl sa fram helsing frå Kvinnherad kommunen v/ lanmdbrukskontoret.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal