Tidlegare var det vanleg med potetåkrar på kvar einaste gard og småbruk. Dei siste tiåra har det vore langt mellom desse åkrane. Siste par åra er det nokre få i bygda som har sett poteter i smååkrar til eige bruk.
Ein av dei som har teke opp att potetdyrkinga er snart 91-årige Bjørgulv Eik som i fjor hadde poteter for første gong etter at det hadde vore opphald frå 1989.

Bjørgulv styrer naturleg nok traktoren.
Lærerikt og kjekt for barna.
Koseleg med ein god prat innimellom arbeidet.

Bjørgulv fortel at det var nevøen hans, Audun Eik, som hadde orda frampå om å setja poteter etter gammalt. Bjørgulv stilte jord til disposisjon, og dermed byrja potetprosjektet på garden å rulla.
– Vi pløygde opp ein liten åker, den er vel berre på 3-4 ar. Potetsetjar lånte vi i Pålatunet, og dermed fekk vi setjepotetene i jorda. Eg fekk ombygd den gamle kastehjulsopptakaren som vi hadde kjøpt til hest på 1960-talet. Den blei brukt fram til 1989 då det var slutt for hesten på garden. Etter ombygginga kan vi bruka den etter traktor. Asbjørn Olsen ordna det, fortel Bjørgulv om fjorårets oppstart. Han legg til at avlinga blei helst dårleg i fjor.
– Men vi prøvde på nytt i år, og då blei det godt med poteter. Det blei nokre hundre kilo, ja. Sorten er hovudsakleg pimpernell.
Opptaket i år har gått over fleire dagar, men sist laurdag var den store finalen der dei fekk opp resten.
– Då var vi 12 stykke, med stort og smått på det meste, fortel Bjørgulv og viser tydeleg at dette var eit samarbeid på tvers av generasjonane etter hans hjarte. Han hadde ein strålande dag saman med døtrene, svigersøner, barnebarn og 3 oldebarn, ja, ein heila gjeng.
– Den yngste var Tuva, og ho er jo ikkje begynt på skulen ein gong. Det er ekstra kjekt å ha dei med slik at dei får sjå kor poteto kjem frå, fortel oldefaren.

Den gode avlinga gav mange kassar med poteter.

Med den gode avlinga i år blir det litt å dela på dei ulike “aksjeeigarane” i prosjektet. Ja, kanskje litt på andre også.
Fornøgde som dei var med dette fellesopplegget og resultatet, blei det også prata om at dei måtte ha ny potetåker til neste år.

Når eg ser på bilda, vekkjer det gode minne frå oppveksten på Døssland på 1960-talet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Solbjørg og Kjellrun Eik (takk for flott respons på bildeførespurnad)