Etter å ha passert Skulebruo på ut i dag, la eg merke til fem vakre fuglar på bakken på nedsida av hovudvegen. Viper, tenkte eg. Akkurat som i barndommen då det var mykje av den vakre fuglen både på denne bakken på Fitjaflatene, ja, på andre sida av vegen og. På andre bakkar opp gjennom dalen var det også vanleg å sjå vipa om våren og forsommaren. No har eg ikkje sett den på år og dag så dette måtte eg sjå nærare på!

Fuglane flyg av garde.

Eg gjorde ein kjapp U-sving ved Hagahjørna, kjørte tilbake og parkerte ved utkjørsla frå Døsslandsio til hovudvegen. Fikla fram kamera på mobilen, og gjekk målbevisst mot vipene. No skulle dei fotograferast. Avstanden blei mindre. Mitt reduserte syn fekk ikkje auga på den karakteristiske hovudpryden, men eg fekk knipsa fuglane både på bakken og medan dei flaug avgarde.

Dette blir ei gladsak på uskedalen.no, tenkte eg då eg sat i bilen igjen. Framleis overbevist om at vipene var tilbake på Fitjaflatene. Etter litt kom tvilen. Var vipene litt store? Var det rette vipesangen? Vipene hadde vel ikkje orange nebb? Eg hadde ikkje sett hovudpryden med den karakteristiske svungen! Med stadig fleire slike spørsmål auka tvilen. Overbevisninga om at det var vipe blei snudd. Det var nok ein annan vakker fugl. Tjeld.

Dermed var tankane tilbake på at det var forferdeleg lenge sidan eg har sett den trua vipa i Uskedalen. Bestanden av fylkesfuglen i Rogaland har minka svært mykje dei siste 10-åra. Nokre har skulda bruken av forhaustar for dette, men det er ikkje tvil om at vipa også har andre fiendar. Både mink og andre fuglar er ein trussel for den.

Kor lenge kan det vera sidan det blei observert vipe i Uskedalen? Eg spurde Hans Reidar Kjærland som paktar det tidlegare vipeeldoradoet på Fitjaflatene om dette. Han hadde ikkje sett vipe dei siste par åra, men kunne fortelja at det var eit vipepar med ungar nederst mot elveosen for tre år sidan. Er det andre som har sett vipe i Uskedalen dei seinare åra, er det kjekt om de sender ei melding om det til uskedalen.no@gmail.com eller 932 88 237.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland