Det teiknar til å bli den store friluftshelga. Skisenteret i Fjellhaugen er opna, og løypene er køyrde opp. For dei som vil bruka nærområde, er beste plass skogsvegane på Kjærland og Haugland. Fjellandsbø er alltid eit godt val. Berre nokre hundre meter opp i Pålavegen kan du ta skia på. Bilete syner skogsvegen i Stigadalen. Det aukar på med snø, og traseen inn i Muslandslia eller skogsvegen vidare mot toppen er godt brukande. På Fjellandsbø er det i minste laget med snø. Isen er ikkje trygg. Difor må ein halda seg i vegkanten fram mot tunet. På skogsvegen i Åsaredalen kan du gå på ski. Det same kan du gjera på dei fine bakkane i Elvakrokjen.

Det er i minste laget med snø, men det går fint å bruka skia på Fjellandsbø.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal