Soknerådet inviterer til salmekveld, måndag 16. mars kl. 18.00 i Helgehim. Saman med Kvinnherad mållag vil vi markera Nynorsk salmebok 100 år ( 2025 ). Finn fram salmeboka di frå konfirmasjonen, ta med og kom i Helgheim. Dersom du har salmeynskje, la oss få vita det. Reidar Algerøy er med på piano.

Har du salmeboka di frå konfirmasjonen ?
Mange har eit forhold til denne salmeboka.

Mange har Nynorsk salmebok i lommeformat, med eller utan namn prenta på omslaget. Konfirmantane fekk også Det nye Tetamentet, ofte i gåve frå kyrkjelyden. Nynorsk salmebok for kyrkje, heim og skule var i bruk frå 1925 til 1984. Uskedal sokn var tidleg ute med å ta ibruk nynorsk salmebok. Det var i 1927, seks år før det same vart gjort i Kvinnherad kyrkje i Rosendal.

Program for kvelden:

  • Uskedal Musikklag: Minikonsert og tonefylgje til tekstar henta frå songheft deira.
  • Nynorsk salmebok 100 år: Kort innslag frå Kvinnherad mållag
  • Salmeynskje frå Nynorsk salmebok eller frå Norsk salmebok
  • Reidar Algerøy på piano.

Meld frå om salmeynskje til Kristian Bringedal ( kristian.bringedal@gmail.com ) innan utgangen av veka. Målet er at alle, som melder frå, skal få med ein salme kvar.

Uskedal Musikklag vert med på salmekvelden, både med konsertdel og som tonefylgje til salmar. ( Arkivfoto frå Varaldsøy kyrkje )
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Illustrasjonar/ Arkivfoto