Patrick Steinsletten og William Hjønnevåg jobba lokalhistorie i dag. Dei er elevar på Kvinnherad Vidaregåande skule og hadde i oppgåve å laga ein historisk filmreportasje. Åleine eller i gruppe skulle dei presentera eit lokalt kulturminne eller ein historie med film og ved tekst. Lengde: 5 til 15 minuttar. Patrick og William valde tema krigsminne med vekt på Revolverkanona på Sanden og krigshendingane i Uskedalen 18. – 20 april 1940. Kristian Bringedal frå Uskedal historielag var med og gav dei tilgang til arkiv og kjeldestoff.

I oppgåva er det teke med at elevane skal også syna til kjeldebruk som til dømes bruk av personar, bygdesider, årbøker og anna historisk tifang. Ein står i utgangspunktet fritt til val av reportasjemål. Det treng ikkje vera dei meste kjende kulturminna i Kvinnherad, slik som Baroniet og Halsnøy Kloster. Patrick Steinsletten og William Hjønnevåg vart utfordra til å tenkja lokalt og nytt.

Då var det naturleg å filma og gjera seg kjende med informasjonstavla i møterommet på Stemneplassen og Revolverkanona ved Myklebust kai.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal