Vi kan heller ikkje denne påska feira gudstenester på vanleg måte, men påska er ikkje avlyst. Vi håpar at mange kan feira høgtida i heimane. Kyrkja i Kvinnherad vil streama 3 gudstenester, som er tilgjengelege på www.kvinnherad.kyrkja.no. Kvartetten ÆRE er mellom anna med og syng salmar som musikalske innslag før kvar gudsteneste. Les under om filma gudstenester i påsken.

Skjærtorsdag.
kl. 10.00: Song v/ kvartetten ÆRE.
kl. 11.00: Streama gudsteneneste frå Kvinnherad kyrkje v/ Kjersti B. Boge
Langfredag.
kl. 10.00: Song v/ Rebekka Attramadal.
kl. 11.00: Streama gudsteneste frå Uskedal kyrkje v/ Kjersti B. Boge
Påskedag.
kl. 10.00: Song v/ kvartetten ÆRE.
kl. 11.00: Streama gudsteneste frå Eid kyrkje på Halsnøy v/ Jan Ove Totland

Sjølv om vi ikkje kan ha fysiske gudstenester, feirar vi gudstenester digitalt og de er invitert til å vera med gjennom internett. Dei lokale prestane, organistane med fleire vil formidla påska sitt innhald i ord og tonar. Påskesamlinga, som til vanleg er i Husnes kyrkje langfredag, er spelt inn digitalt og vil vera tilgjengeleg på kyrkja si heimeside og på Facebook frå skjærtorsdag og gjennom heile påsken.

Kvartetten ÆRE syng i forkant av gudstenestene i påsken

Kvar dag i påsken vil det og kome ei musikalsk helsing på Facebook frå kyrkja. I nokre kyrkjer, kjem vi til å ha open kyrkje i påska. Der er det mogeleg å koma inn ei stund og tenna eit lys og be, kanskje synga ei salme og høyra ein bibeltekst. Dette gjeld Skjærtorsdag i Hatlestrand og Kvinnherad. Påskedag i Ølve. Sjå nettsida for tidspunkt for open kyrkje.

Også i kyrkja vil vi overhalda reglane som gjeld for smittevern, med å bruka antibac på hendene og ha 2 meter avstand mellom kvarandre.

Vi ynskjer alle god påske!

Helsing oss i kyrkja i Kvinnherad

Tekst: Pressemelding/ Kristian Bringedal
Foto/nett: Kristian Bringedal