I den siste veka er det lagt fiber til Skorpo. Jobben vart gjort i samband med BKK sitt arbeid med framføring av høgspentkabel i sjø frå Børneset til Nautaneset på Skorpo. Kvinnherad Breiband brukar BKK nett sine master og let såleis kabelen gå i luftspenn frå ilandføring og fram til ei sentral plassering på øya før ein går over på lågspentmaster og evt. grøfter fram til abonnentane.

Gunhild Nilsen Hillestad, dagleg leiar i Kvinnherad Breiband, skriv til Uskedalen.no at prosjektet treng støtte frå 50 % av dei 37 potensielle kundane på denne lokalsjonen. Då er kostnadene rekna til mellom kr. 550.000,- og kr. 800.000,-

Tidsperspektivet og sluttføring av prosjektet er avhengig av interessa i området, men fyrste påkobling av ny kunde vil kunna gjennomførast alt før sumaren 2021. Kvinnherad Breiband oppmodar alle på Skorpo, som er interessert i fiber, om å ta ein kikk på heimesida. Her ligg informasjon om prosjektet/kostnad og tilgang til bestillingsskjema. Det kan vera dei som har hytter, hus eller som driv næring.

Elles så er det berre å ta kontakt med kundesenteret på telefon 534 75 640.

Kabelskipet med fulle ljos har vore eit vakkert syn kveld og natt
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs