Festivalkontoret er opna.
Unngå kø – hent inngangsarmband og verjeskjema der.
Klokka 12 i dag opna Festidalen-kontoret i Gamleskulen. Det er viktig at publikum nyttar seg av tenestene der for å unngå kø ved inngangen til konsertane på Dønhaug fredag og lørdag. Dei som har kjøpt billett, bør få veksla den inn i armband der. Personleg frammøte er nødvendig for å få gjort dette. Ein kan ikkje henta armband for andre. Dessutan er det viktig at dei som skal vera verje for mindreårige, hentar verjeskjema på førehand slik at dei har ferdig utfylte verjeskjema med seg når dei kjem til inngangen. (Verjeskjema vil vera på plass på kontoret i løpet av torsdagen). Dersom dei fleste gjer desse to tinga på festivalkontoret, vil det hjelpa mykje til å gjera køen så liten som mogeleg. I tillegg er det eit variert tilbod av Festidalen-produkt som kan kjøpast, og ein kan få svar på spørsmål om ein lurer på noko. Då uskedalen.no var innom kontoret ved opninga, var dei tre på bildet, Karoline Neset (f.v.), Malin Bakke Eik og Ingvild Kayser Clementsen, i full sving.
Opningstidene på festivalkontoret i Gamleskulen er:
- Torsdag: kl. 12 – 18.
- Fredag: kl. 11 – 17.
- Lørdag: kl. 11 – 16.
Av det som er å få kjøpt, tilseier vermeldingane at det blir lite salg av sydvestar og regnponchoar i år. Derimot vil det nok gå unna av både solhattar, capsar og solbriller. Elles er alltid T-skjortene, gensarane, sitjeunderlaga og Festidalen-netta populære.
Alt tilseier at det blir rekord-Festidalen, og prosjektleiar Jostein Sydnes som hadde rigga seg til med kontor på kjøkkenet, kunne fortelja at det minka kraftig på billettane. Så her gjeld det å vera rask!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland