
FESTIDALEN: Unngå kø, ta turen på festivalkontoret på førehand.
Betre vermeldingar gjer at billettsalget har skote i veret!
Festidalen sitt festivalkontor i Gamleskulen er opna, og då eg var innom der hadde dei fått på plass alt av kjekke Festidalen-effektar, merch.
– Vi har mykje nytt i år, kunne Malin B. Eik og Karoline Neset som skal ha ansvar for kontoret saman med fleire andre fortelja. Dei ramsa opp nye kule t-skjorter, nye fine gensarar, bøttehattar, capsar, magevesker, handlenett og mykje meir.
– Bøttehattane har blitt utselde for før festivalopning kvart år, dei er det alltid rift om, skyt prosjektleiar Jostein Sydnes inn, og han legg til at han syns dei nye capsane er ekstra kule.

Å kjøpa merch er ein god grunn for å stikka innom festivalkontoret. Veldig lurt er det også viss ein vil unngå å stå i kø fredag og laurdag. Med CC Cqwboys som første band fredag, og Hellbillies først laurdag, må ein rekna med mykje folk heilt frå start. Då er det vanskeleg å unngå kø.
For å sleppa køen, er det veldig lurt å gå innom festivalkontoret og få byta billetten om til Festidalen-armband. Då slepp ein mykje raskare gjennom inngangen.
Dei som skal vera verje bør også henta verjeskjema på festivalkontoret, setja seg inn i reglane og fylla skjemaet ut før dei kjem. Det vil gje betre flyt i inngangen.
Gledeleg er det at vermeldingane viser seg frå ei betre og betre side.
– Det viste tydeleg på billettsalget i går. Då vermeldingane begynte å betra seg, skaut salget veldig fart, seier ein fornøgd prosjektleiar og etter handbevegelsen hans å dømma ser det ut som det gjekk rett til himmels.
- I dag er festivalkontoret ope til kl. 18.
- Fredag er opningstida kl. 11 – 16.
- Lørdag er det ope kl. 11 – 15.
Alt er i rute for ein flott Festidalen! Vi gler oss til minnerike dagar!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Ingvild Nordfonn, Festidalen