Festidalen og Romsleg saman om den store PRIDE markeringa på laurdag kl. 13.
Årets PRIDE markering i Kvinnherad er lagt til Uskedalen fyrstkomande laurdag under Festidalen.. Styret i Festidalen og organisasjonen Romslag har kalla arragementet PRIDE i Dalen. Båthamna er samlingsplassen der det vert appell og anna program. Pridetoget vil gå i sentrum. Det er venta mykje folk i det gode veret som er meldt. Arrangøreane legg opp til folkefest. Målsetjinga til Romslag høver godt med Festidalen sin tanke om inkludering, mangfald og mykje kjærleik. Sparebanken Vest ( 200 år ) og Humanetisk forbund er samarbeidspartar. Sparebanken Vest siller med kaffi og kake. Med på bilete er f.v: Anne Grethe Høisæter, Jostein Sydnes, Anette Jacobsen, Wermund Vetrhus, Astrid Larsen, Gaute Lund, Una Kolle, Lene Gjuvsland Skjelnes, Ann Kristin Fausk og Steinar Haugland.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal