Det er to kandidatar frå Uskedalen til Årets namn, Tormod Myklebust og Festidalen. Du kan gje di røyst til ein av kandidatane på ulike måtar: 1. Bruk e-post: post@grenda.no 2. Telefon: 53 48 73 00. 3. Bruk skjema på Grenda si heimeside. 4. Send melding på Facebook. 5. Bruk slippen som du finn i avisa Grenda. 6. Personleg ved å stikka innom redaksjonen.

Om Festidalen skriv Grenda: Gjennom mange år har Festidalen trassa lugubne vermeldingar for å gje både kvinnheringar og tilreisande store musikalske opplevingar på jorde på Dønhaug. Heller ikkje to år med pandemi knekte dei ivrige eldsjelene. Difor vart det særdeles velfortent at comebacket i 2022 var krona med blå himmel, publikumsrekord og artistar i storform. Mellom anna Madrugada og Gabrielle sytte for minneverdige show.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto