Grøne bakkar kjem ikkje av seg sjølv. Taust og fredeleg har bøane på Dønhaug fått sugd til seg næring. Utan at me har hoppa, dansa, rulla, skrulla, ledd, og råklint i graset. Det kjennest som ein liten evighet sidan me sist samla frivillige og publikum her. Og litt lenger må me diverre venta. Ny dato vert 24.-25.juni 2022, då 2021 vart strupa i pandemiens klør.

Bøane er overmodne, og snart er det vår tur til å suga til oss næring. Av sosial og kulturell art. Ikkje taust. Og kanskje ikkje fredeleg, men frisinna.

Artistoppdateringar kjem så snart det er klart. Nokre vert med vidare, og nokre nye kjem til

Billettar frå 2021 vert automatisk overført til 2022. 

Tekst: Festivalstyret
Foto/nett: Kristian Bringedal