Ferdig fuga trapp på forsamlingshuset Vonheim.
I dag avslutta Audun Eik og Anders Kristoffersen arbeidet med restaurering av trappa på Vonheim. Arbeidet tok til for to år sidan. Dugnadsgruppa har hjelpt til. Fyrste jobben var rekkverket. Det var rusta. Knut Steinsletten stod for tilbøying og klargjering før armering og forskaling. Så la ein skifer i trappene. Det var gamle heller, skorne til av Anders.
Skiferen er gåve frå Anders Kristoffersen og Jon Harald Kjærland. Topplata er prima og tetta. Det er laga ei lita renne for drenering. Det er brukt fliselim for utebruk I dag er arbeidet ferdigstillt med fuging og vasking. Litt arbeid står att med sjølve fronten på trappa.
Mange har hjelpt til dei siste åra med ulikt arbeid på Vonheim. Styret takkar i eit eige innlegg seinare.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Møyfrid Kristoffersen