Etter flaggheising i dag kom elevar, lærarar og assistentar frå mellomsteget på Uskedale skule til Stemneplassen for å læra meir om krigshendingane i Herøysundet og Uskedalen 18. – 20. april 1940. Dei fekk også vita meir om krigsminnesmerke og namna på minnesteinen. Å avduka ei namneplate var også eit tema. Uskedal Friluftslag i asmrbeid med Historielaget vil halda fram med denne form for formidling dersom det er interesse.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal