Tek du turen til Bjørgulv Eik ( f. 1932 ) på Eik i Uskedalen legg du merke til store hageplanter rundt bustadhuset, for det meste av sorten rododendron. Den eldste, med kvite blomar, kjem frå Grønstøl på Sunde og vart teken som avleggjar heim til Eik i 1955. Bjørgulv hadde arbeidet sitt i mjølkekontrollen og hadde Knut Grønstøl jr. på lista. Her budde jordmora Katrine Grønstøl. Ho hadde fin hage med mellom anna planta rododendron. Slik vart det at Bjørgulv fekk ein kvist, planta den på Eik, for snart 70 år sidan.

Bjørgulv Eik fortel til uskedalen.no at planta tok seg fint og stod på plassen sin fram til midten på 1970 talet. Ny veg fram til garasjen resulterte i flytting, om lag 6 meter ned mot Eikevegen. Bjarne M. Rød ( Monsa Bjarne ) hjelpte til med flyttinga. I dag står planta i full bløming med kvite blomar.

Margit, kona til Bjørgulv, planta fleire planter av typen rododendron nedom og utom huset, også på oppsida. I dag er det eit vakkert syn med planter i heile tunet, raude, lilla og kvite i fargen. Det einaste minuset må vera at det tek noko av sikten mot Storsund og Hardangerfjorden. For ei tid sidan vart det rydda og tynna. Det vart gjort for å ha fri sikt ned til løa på tunet.

Rododendroen vart frakta heim frå Grønstøl til Eik på Tempoen.

Svein Rimestad, med stor kunnskap om planter, fortel at det er mange sortar av rodrodendron i dag. Med kryssing og utvikling har ein kome fram til mange variantar. Frå opphavet hadde planta kvit, raud eller lilla blom. Rodrodendron er ein lyngplante og er såleis i familie med lyng. Planta likar seg best i sur jord. Alderen kan bli rundt 100 år.

Den største og truleg den eldste i sitt slag i Uskedalen finn vi på Endregård, frå 1920 talet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal